Morken & Nyrønning

Røros-musik

Duoen Morken/Nyrønning har spelt saman i mange år. John Ole Morken og Jørgen Nyrønning er begge frå Ålen i Rørosdistriktet, og dei er oppvaksen med ein levande feletradisjon. Jørgen er John Oles elev, og i læretida utvikla dei eit nært og sterkt samspel. Det første møtet kan beskrivast slik:

Høsten 2001 kom ein lyshåra gut inn på speletime til John Ole Morken på Hov Skole i Ålen. Morken hadde helsa på guten før og hørt han spele. Guten, Jørgen Nyrønning, tok opp fela, og han spela ein slått. Polsen som trilla ut av fela var Litjbrekkingen, som guten fortalte var i form etter Jens Vårhus i frå Hessdalen. Morken satte seg tilbake i stolen og blei tatt med på ei reise. Ei reise som har vart sidan. Dette ble starten på et vennskap, et vennskap mellom spelemennene John Ole Morken og Jørgen Nyrønning

morken og nyrønning-jyllandsposten

https://www.youtube.com/watch?v=I_5Poczp9yY

 

 

Sidan har dei spelt mykje saman, både konsertar, dansespeling, cd-innspillingar og kappleikar . Samspelet deira kan beskrivast som impulsivt og direkte. Dansespel og driv er noko dei legg vekt på. Rørosmusikken kan beskrivast som ein rytmisk musikk. Melankolien er kanskje ikkje det som man først høyrer, men bak tonane ligg ein klangbotnen som fortel om ein kjærleik til musikken. Forfattaren Johan Falkberget skrev følgjande i «Den fjerde nattevakt»: Tonen sprang han til hjertet. Han var spillemann og smed; stålet og jernet og felen, og Hyttelven om våren, alt hadde den samme sangen.

På konserten vil publikum få høyre slåttar i solo og samspel etter dei mest kjende spelemennene frå Rørosdistriktet, Stigers-Anders, Sulhusgubben, Jørgen Wehn, Smed-Jens. Stigers-Jørn med fleire.

Jørgen Nyrønning

Kjem frå også Ålen i Holtålen kommune i Sør-Trøndelag. Han går siste året på spelemannsskulen på Ole Bull Akademiet og har teke utdanning ved Høgskulen i Telemark. Jørgen var tidlig ute som  kappleikspellmann og har hatt mange gode plasseringer. På Landskappleiken i Seljord i 2011, spilte Jørgen seg opp i A-klassen, og i 2012 debuterte han med 5.plass. Gjennom årene har Jørgen fått flere utmerkelser. Han har mottatt Drømmestipendet, Holtålen kommunes kulturstipend, arbeidsstipend fra Bygdapreg i Ålen, stipend fra sparebank 1 Midt-Norge, arbeidsstipend fra Ålbygglaget i Oslo og Fureprisen. Jørgen ga ut si fyrste soloplate i 2013.

 Jørgen-Nyrønning-Fele-solo-finale-Foto-Mari-Skeie-Ljones

Efter bryllupiti


Klokkmakarleken

John Ole Morken

Kjem frå Ålen i Holtålen kommune i Sør-Trøndelag, men er nå busett i Åmot i Modum kommune. Har musikkutdanning frå NTNU i Trondheim, og Ole Bull Akademiet på Voss. Jobbar som lærer ved kulturskolen i Sigdal, men driv også aktivt som freelance folkemusikar. John Ole har spesialisert seg på folkemusikk frå Rørostraktane. Han ble nominert til spelemannspris for sin fyrste plate i 2007. I 2012 medverka han i operaen «Den fjerde nattevakt» ved Den Norske Opera og Ballett. John Ole er ein mykje brukt pedagog ved Ole Bull Akademiet på Voss, og er ein populær pedagog ved kurs og seminar i folkemusikkmiljøet. Han har i mange år spelt saman med kvedaren og hardingfelespelaren Lajla Renate Buer Storli. Saman har dei turnert i inn og utland med eigne produksjonar og i regi av Rikskonsertane. Han hadde i 2014 Statens kunstnerstipend for nyetablerte kunstnarar. Morken har også dei siste åra jobba som redaktør for Årbok for folkemusikk og vore produsent for ein rekke konsertar og produksjonar.

 JOHN OLE MORKEN